Prosjektleder
Click to see all jobs
For en av våre kunder, søker vi etter en prosjektleder for et langvarig oppdrag.
Arbeidet startet i 2020 med utvikling av en betaversjon for tilgjengelegheitserklæring og ei innleiande analyse av arbeidsprosessane som skal digitaliserast. Arbeidet skal replanleggast og intensiverast for 2021 og 2022, mellom anna med ei tydelegare forankring i både dei faglege, formelle og styringsrelaterte behova ikt-løysingane skal ivareta.
Føremålet med it-prosjektet er å bidra i arbeidet med å utvikle eit datadrive digitalt tilsyn, herunder legge til rette for handheving av WAD og det eksisterande norske regelverket på ein kostnads- og formålseffektiv måte.
Gjennom prosjektet vil vi:
- Sikre at vi har ei heilskapleg og framtidsretta tilnærming i arbeidet med eit datadrive digitalt tilsyn, som er tydeleg forankra i linjeorganisasjonen sine behov
- Utvikle testmetodar for nettstadar og appar, herunder særskilde innhaldstypar som digitale dokument, basert på ei dokumentert regelverkstolking og innretta for dataproduksjon og analyse
- Anskaffe/utvikle og implementere ikt-løysingar for det datadrivne digitale tilsynet:
- Mest mogleg automatisert dataproduksjon, test og analyse
- Effektiv og sikker datalagring/forvaltning, med integrasjon av eksterne datakjelder og deling av data
- Funksjonalitet for rapportering og formidling av data og analyse til ulike føremål
- Prosess-støtte for produksjonsstyring og oppfølging
- Vidareutvikle og rulle ut den sentrale løysinga for tilgjengelegheitserklæring til verksemdene som skal etterleve WAD
Oppgåver
Endeleg innretting på prosjektet og arbeidsdeling mellom prosjekt og linje er ikkje endeleg avklara. Planprosessen for 2021-22 pågår og innretting på prosjektet vil også vere avhengig av prosjektleiar sin kompetanse og erfaring. I utgangspunktet legg vi opp til at prosjektleiar skal leie eit it-utviklingsprosjekt med tett kopling til linja, for å sikre at it-prosjektet svarar på linja sine behov.
Prosjektleiar skal:
- Leie interne og eventuelt eksterne ressursar som deltek i arbeidet, etter avtale bistå i anskaffing av ekstern bistand
- Utarbeide og løpande ajourhalde prosjektplan og prosjektbudsjett
- Planlegge, gjennomføre og dokumentere kvalitetssikring av prosjektet sine leveransar
- Rapportere status og risiko med vekt på framdrift, kvalitet, ressursbruk og økonomi
- Etter avtale legge fram skriftleg dokumentasjon for linja til godkjenning og forankring
- Utføre oppgåver knytt til styringsgruppe, referansegruppe og kommunikasjon med andre interessentar
Utvikling av it-løysingar skjer i samarbeid med Digdir sitt utviklingsmiljø og tilsynet bidreg elles med nødvendig kompetanse i arbeidet. Det er også aktuelt å anskaffe ytterlegare ekstern bistand viss det av kompetanse- eller ressursmessige årsaker er behov for det
Arbeidsbelastning
Det vert lagt opp til bistand i 60-80 prosent pr. år. Det må påreknast variasjonar i arbeidsintensitet, avhengig av prosjektplanen.
Krav til konsulent
Konsulenten:
- Må vere tilgjengeleg for minimum 60% stilling i kontraktsperioden, og i periodar opp til 80-100% stilling
- Bør kunne starte opp så snart som mogeleg og helst oppstart i januar
- Må, når det er naudsynt og etter avtale, kunne reise til tilsynets kontor i prosjektperioden, i den grad dette er forsvarleg
Konsulenten må ha:
- Dokumenterte resultat med leiing av ikt-prosjekt for digitalisering av arbeidsprosessar
- Dokumentert prosjektleiarkompetanse, og solid erfaring med prosjektplanlegging, oppfølging og rapportering av leveransar, herunder også kvalitetssikringsteknikkar
- Erfaring/kompetanse med analyse og dokumentasjon av arbeidsprosessar som grunnlag for digitalisering, herunder også lovregulerte arbeidsprosessar
Videre bør konsulenten ha:
- Erfaring med å leie prosjekt der tett samarbeid mellom prosjekt og linje er systematisert og forankra
- Erfaring med universell utforming av ikt
Competence area
Project management
Location
Sogndal
Workload
100%
Languages
Norsk
Startdate
04.01.2021
Enddate
04.01.2023
Option to prolong
Apply before
06.12.2020
Sourcing Manager
Cloud Security
Request ID: 25-06-4889 Published: 2025-06-05Vi søker en erfaren konsulent med solid kompetanse innen skysikkerhet og cloud native-teknologier. Du vil spille en nøkkelrolle i utviklingen av sikre løsninger i både offentlig og privat sky, med spesielt fokus på sikkerhetsarkitektur, zero trust-prinsipper og operativ implementering.ArbeidsoppgaverUtvikle og implementere sikkerhetsarkitektur for skybaserte plattformer i Azure, AWS eller GCPSikre at ny privat sky-løsning bygges med robuste sikkerhetsmekanismerImplementere og konfigurere sikker......
Architecture, Data warehouse and BI, Infrastructure
Oslo/Remote
100%
ASAP
2026-08-01
Norsk
App-utviklere til MinID og lommebok
Request ID: 25-05-7968 Published: 2025-05-20Digidir søker to apputviklere for bistand til forvaltning (programmering) av MinIDs native apper for IOS og Android, samt lommebokapper til nasjonal pilot.Bakgrunn for anskaffelsenDigdir har fått belastningsfullmakt fra DigiUng-prosjektet til å finansiere vidareutvikling av MinID sine tjenester retta mot unge. Produktteamet til MinID har, basert på produktområdestrategi og vegkart for produktet, definert oppgåver knytt til vidareutvikling av mobilappane til MinID. Oppgåvene gjeld både funksjonel......
Development
Oslo
100%
2025-08-01
2026-07-31
Norsk